Hopp til innhold
X
Innhald

Knud Baade

Knud Andreassen Baade (1808-1879) fødd i Skjold ved Stavanger, busett i Tyskland. Kunstmålar.

Budde i lange periodar i Solvorn, der faren Andreas Baade budde som sorenskrivar for indre Sogn i åra 1830-1846.

Utdanna landskapsmålar

Knud Baade kom i 1923 i kunstmålarlære hjå C. Lehmann i Bergen. Her utdanna han seg til «landskapsmålar». Studerte seinare målarkunst ved akademiet i København. Livnærte seg 1829-1831 som portrettmålar i Oslo. Då faren i 1830 flytta til Solvorn, reiste Knud Baade med. Her måla Baade ei mengd bilete med motiv både frå Sogn og andre lutar av fylket. I 1836 reiste han på oppmoding frå I. C. Dahl til Dresden, der han vart Dahl sin elev. I 1839 måtte han avbryte arbeidet på grunn av ein augesjukdom, og vende då tilbake til Solvorn.

Innkjøp av prinsen

Han tok opp att målinga i 1843 og flytta til München, der han budde til han døydde. I tillegg til fleire reiser til Sogn og Hardanger, reiste Baade mykje i Tyskland og måla m.a. ein mengd motiv frå Alpane. Etter ei utstiling i München kunstforening 1849 vart eit måneskinsbilete frå Norskekysten kjøpt av prins Luitpold av Bayern. Dette gjorde Baade vide kjend, og resten av livet heldt han seg stort sett til å måle effektfulle måneskinsbilete, prega av sterke og dramatiske kontrastar mellom lys og skugge. Dette var bilete som han fekk godt sal på, men alle har slett ikkje same kunstnarlege verdi.

Byste i München

Baade vart ein populær kunstnar i Tyskland, og i 1861 sette kong Ludvig av Bayern opp ein byste av Baade i München. Baade heldt ei rad utstillingar i Europa og USA, og vart kjøpt inn til fleire framståande kunstmuseum. Fleire av bileta hans er litograferte.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.03.2011