Hopp til innhold
X
Innhald

Kong Bele og Balahaugen

Balahaugen med Balabjørka og bautaen til venstre og Kong Bele-statuen til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Balahaugen med Balabjørka og bautaen til venstre og Kong Bele-statuen til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kong Bele-statuen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kong Bele-statuen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved Balestrand sentrum, på garden Bale, ligg to gravhaugar. I det same området skulle etter segna kong Beles kongsgard liggje, men Bele kan også ha budd på Systrond.

Kong Bele var småkonge i Sygnafylket. I 1913 fekk Keisar Wilhelm II reist ein skulptur som skal forestille kong Bele på den eine haugen.

Bala-asken

Ved gravhaugane stod den eldgamle «Bala-asken». Treet eksisterte fram til ca. 1819-1836. Seinare vart det erstatta av den like kjende «Balabjørka» på toppen av den eine gravhaugen. Denne haugen vart restaurert og freda i 1887. Då vart ein gamal bautastein flytta frå Flesje gard og reist ved sida av den gamle bjørka. Balahaugen er i dag festplassen for bygda.

I samband med tomtearbeid i Lille Askelund tidleg på 1960-talet vart det gjort eit større gravfunn med ei mengd gjenstandar frå vikingtida.

Kong Beles Gravhøi er tittelen på dette biletet av ein ukljend kunstnar. © Fylkesarkivet.

Kong Beles Gravhøi er tittelen på dette biletet av ein ukljend kunstnar. © Fylkesarkivet.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018