Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Balestrand

Kong Haakon VII og dronning Maud i Balestrand 18. juli 1906. Til høgre for kongen går statsminister Christian Michelsen. © Kvikne´s Hotel.

Kong Haakon VII og dronning Maud i Balestrand 18. juli 1906. Til høgre for kongen går statsminister Christian Michelsen. © Kvikne´s Hotel.

Kong Haakon VII og dronning Maud vitja Balestrand i 1906 med krigsskipet «Heimdal» i samband med kroninga i Trondheim.

På heimveg nytta dei hurtigruteskipet D/S ”Mira” som ”kongeskip, og var også innom Loen, Olden, Måløy, Florø og Gudvangen. Med på ferda var også statsminister Chr. Michelsen. Kong Haakon VII vitja også Balestrand i 1913 i samband med avdukinga av Fridtjof den frøkne-statuen på Vangsnes og Konge Bele-statuen i Balestrand. Sjå meir under Esaias Tegnér og Fridtjofs Saga og Keisar Wilhelm II.

Kong Olav V

Kong Olav V

vitja Balestrand første gong i 1933, då han som kronprins gjorde ei større rundreise i fylket saman med kronprinsesse Märtha. Dei reiste med Fylkesbaatane sin «Nesøy». Paret steig ikkje i land, men helsa folket på kaia. Han vitja også Balestrand i 1982 i samband med opninga av Høyangertunnelen. Han vitja då også Helsetunet.

Kong Harald V og dronning Sonja

vitja Balestrand tidleg på 1970-talet på privat besøk saman med prisesse Christina av Sverige. Dei kom på offisiell gjesting i juni 2002 i samband med ei rundreise i Sogn som omfatta Aurland, Årdal, Vik, Hyllestad og Gulen. I Balestrand vitja kongeparet m.a. Engelsk-kyrkja, Futegarden og Sognefjord Akvarium, og fekk fylkeskommunens middag på Kvikne's Hotell. På rundreisa nytta dei kongeskipet «Norge».

Dronning Sonja vitja også sommaren 2005 Balestrand med kongeskipet ”Norge” i samband med eit offisielt oppdrag i Lærdal. Ho var då ein kort tur i land.

Keisar Wilhelm går om bord i lettbåten frå keisartrappa i Balestrand. Foto: K. Knudsen. © Fylkesarkivet.

Keisar Wilhelm går om bord i lettbåten frå keisartrappa i Balestrand. Foto: K. Knudsen. © Fylkesarkivet.

Keisar Wilhelm II

(1858-1941) av Tyskland var ein årviss gjest i Balestrand frå 1910 og fram til krigsutbrotet 1914:

Kongen av Siam

Kongen av Siam

Kongen av Siam (Thailand), Chulalongkorn, vitja Balestrand i 1907 i samband med ei større rundreise i Noreg. Han var også innom Nordfjord (sjå Kongevitjingar i Stryn).

Dronning Wilhelmina av Nederland

vitja Balestrand fleire gonger i mellomkrigstida. Dottera, seinare dronning Juliana, fylgde også med på ein tur. Dei vitja også Fjærland og Skjolden. Wilhelmina gjesta Balestrand siste gong i 1954.

Ho var ein habil biletkunstnar, og heldt seg mykje på Hjelle hotell i Oppstryn under Noregs-turane (sjå Kongevitjingar i Stryn).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.07.2011