Hopp til innhold
X
Innhald

Konkurs og ny drift for Nesse

Nesseplast slik det såg ut før brannen i 1972. © Nesseplast.

Nesseplast slik det såg ut før brannen i 1972. © Nesseplast.

Nesse-konsernet gjekk konkurs i 1983 etter store tap på valuta, men Nesse-familien greidde å berge verksemda i Nessane:

Kåre Nesse skipa firmaet AS Nessemaskin som driv engros- og detaljhandel på postordre over heile landet, og hadde i 2001 sju tilsette og ei årsomsetning på 15 millionar kroner.

Sonen Erling Nesse jr. er leiar for plastfabrikken Nesseplast AS, som har kring 25 tilsette med ei omsetning i 2001 på 36 millionar kroner. Hovudproduktet er emballasje, men verksemda produserer også m.a. sykkelhjelmar og barnesete.

Bygningane i Nessane er organisert i eit eigedomsselskap, Nessane Industribygg AS, som også huser to andre verksemder (sjå m.a. Kleive Mek. og Industriservice KMI under «Industri og næring i Balestrand»).

Les meir om: Handels og industrieventyret på Nessane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011