Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Balestrand

Då Gaularfjellsvegen vart opna i 1938 opna det for ein ny æra for Balestrand. Ikkje minst kom det fleire og fleire bilturistar. Her er ein buss frå Firda Billag i Skaret kort tid etter at vegen var opna etter vinterstenging. Eigar av foto Firda Sjåførforening.

Vegen rundt Esefjorden

vart bygd i fleire etappar - den første frå Holmen til Ese i 1895. Tjugum-Esebotn vart opna i 1915, og sambandet rundt heile fjorden i 1929. Før vegen kom, vart turistar frakta til Esebotten Sæterhytte i båt. Når dei skulle hentast attende til Holmen, varsla dei med å ringje i ei stor klokke.

Vegarbeid mellom Esebotn og Balestrand. Vegarbeidarane er Elling Teigen på tralla og Kristian Farnes, Johannes Gjerde og Torleif Ese. © Fylkesarkivet.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegarbeid mellom Esebotn og Balestrand. Vegarbeidarane er Elling Teigen på tralla og Kristian Farnes, Johannes Gjerde og Torleif Ese. © Fylkesarkivet.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Esebotn. Herifrå måtte folk i båt for å kome til Balholm frå 1915 til 1929. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Esebotn. Herifrå måtte folk i båt for å kome til Balholm frå 1915 til 1929. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veg mellom Farnes og Sværen

i Sværefjorden vart bygd i 1905.

Bygdeveg frå Mel til Ulvestad

i Vetlefjorden vart bygd på 1860-talet, og ført vidare opp dalen i 1889 - sjå Minnesteinar etter laksefiskarar. Samstundes vart det rydda ein turiststi frå Vetlefjorden og opp til Nystølskaret på Gaularfjellet som turistane kunne nytte til fots eller ridande.

Vetlefjorddalen med Mel og fjellsida der Gaularfjellsvegen går i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vetlefjorddalen med Mel og fjellsida der Gaularfjellsvegen går i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gaularfjellsvegen

mellom Viksdalen i Sunnfjord og Vetlefjorden i Sogn vart opna i 1938. - Sjå elles «Gamle driftevegar i Balestrand».

Balestrand-Nessane-Lånefjorden

Balestrand fekk vegsamband heilt vestover til Lånefjorden i 1971.

Vetlefjorden-Dragsvik-Balestrand

Riksvegen frå Vetlefjorden via Dragsvik og rundt Esefjorden til Balestrand vart opna i 1951, men ferjeleiet i Dragsvik kom først i 1956.

Vegen mellom Dragsvik og Vetlefjorden er svært utsett for snøskred, og det er bygt rasoverbygg og rastunnelar for å sikre biltrafikken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen mellom Dragsvik og Vetlefjorden er svært utsett for snøskred, og det er bygt rasoverbygg og rastunnelar for å sikre biltrafikken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Menes

fekk vegsamband til Ulvestad i Vetlefjorden i 1969.

Menes fekk veg i 1969, men vegen er svært utsett for snøskred. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Menes fekk veg i 1969, men vegen er svært utsett for snøskred. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyangertunnelen

vart opna 1982 og er 7543 meter lang. Les meir under Samferdsle i Høyanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 27.07.2011