Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftutbygging i Balestrand

Sjølv i turistkommunen Balestrand er kraftlinene godt synlege i naturen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjølv i turistkommunen Balestrand er kraftlinene godt synlege i naturen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Balestrand Kraftlag vart skipa i 1913 og bygde kraftverk i Ese i 1914. Kraftverket forsynte Balestrand-bygda med straum. Ein av initiativtakarane til kraftverket var hotelleigar Knut Kvikne. Kraftstasjonen var i drift til 1957 og vart riven i 1973.

Elles måtte andre bygder i kommunen vente til 1950-åra før dei fekk skikkeleg straumforsyning, først frå Årøykraft, deretter frå Sognekraft.

Fleire småkraftverk

I 1939 vart det bygt eit lite kraftverk i Nessedalselva som forsynte åtte husstandar i Nessane med straum. Trond Linde bygde eit småkraftverk i Lindane kring 1940. I Eikjaelvi i Vetlefjorden vart det bygt kraftverk i 1950. Dette forsynte 22 husstandar i bygda fram til dei kunne kople seg til Sognekraft i 1958. Då fekk også Menes kraftforsyning.

Lånefjorden fekk kraftforsyning i 1952 frå eit lite kraftverk i Vassgrovi. I Kvamsøy vart det skipa kraftlag i 1944, og i 1956 vart Vetlefjord og Sværefjord kraftlags skipa. Begge desse kraftlaga saman med Balestrand Kraftlag gjekk inn i Sognekraft i 1975. (Sognekraft vart skipa i 1947).

Mel kraftverk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mel kraftverk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mel kraftverk

Etter at dei storfelte planane om regulering av Gaularvassdraget vart lagde til sides og Gaularsamskipnaden havarerte i 1929, freista fylket å dele opp fallrettane og m.a. byggje eit mindre kraftverk på Sognesida av Gaularfjellet - dvs. på Mel i Vetlefjorden. Problema kring Ålfotselskapet (sjå Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet gjorde at både kraftverksplanane for Vetlefjordsvassdraget på Mel, Årøy i Sogndal, Henjaelva på Hermansverk og Bøfjordelva i Hyllestad vart lagde på is. På 1980-talet tok Sogn og Fjordane Energiverk fram att planane for kraftverk i Vetlefjorden og vedtok i 1982 å byggje Mel kraftverk, som vart sett i drift i 1989. Kraftverket kosta 500 millionar kroner. Frå kraftverket er det bygd ei sambandsline over fjellet til Skei i Jølster.

Kommunalt næringsfond

Kommunalt næringsfond

Balestrand kommune fekk m.a. eit næringsfond som vederlag for utbygginga, og Vetlefjorden fekk samfunnshus og lysløype. Eit gamalt sagbruk i elva like ved vart i 1989 sett i stand for å vise korleis vasskrafta vart nytta i eldre tider.

Vassverk ved Skåsheimelvi

Balestrand kommune bygde vassverk for Balestrand ved Skåsheimelvi i 1914, og nytt på same staden i 1986.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.07.2011