Hopp til innhold
X
Innhald

Krig - men inga krise

Skipet til Keisar Wilhelm II, Hohenzolleren,  på Esefjorden (skipet bak marinefartøyet i framgrunnen).

Skipet til Keisar Wilhelm II, Hohenzolleren, på Esefjorden (skipet bak marinefartøyet i framgrunnen).

Stolen som Keisar Wilhelm brukte å sitte i når han var på vitjing hjå Hans Dahl i villa Strandheim. På undersida av stolen har Dahl skrive at keisaren sat i denne stolen då han fekk meldinga om at første verdskrigen var nært føreståande. Stolen, som er  laga av Ivar Høivik, vart seinare kjøpt av Kvikne´s Hotel på auksjon. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sommaren 1914 kom Keisar Wilhelm II som vanleg til Balestrand. Men den 25. juli letta den keisarlege flåten brått anker og hasta ut fjorden.
Sjå: Keisar Wilhelm II og 1. verdskrig.

Tre dagar seinare braut den 1. verdskrig ut. Kvikne's og dei andre hotella vart tømde for turistar på få dagar.

Keisarstol på hotellet

På Kvikne´s Hotel er det teke vare på ein stol som Keisar Wilhelm brukte å sitte på når han besøkte venen Hans Dahl. Siste gongen keisaren sat i stolen var 25. juli 1914, same dagen som han forlet Balestrand for siste gong. På undersida av stolen er denne innskrifta: ”Keiser Wilhelm sad i denne Stol Lördag den 25. juli 1914 om Eftermiddagen Kl 5 til 5 ½, da han med Fölge var hos Professor Hans Dahl paa ”Strandheim”, Sogn Balestrand for at sige Farvel. Han drog Kl 6 med ”Hohenzollern” til Kiel, da Krigen havde at bryde du mellem Österrig og Serbien. Ultimatet löb ut Kl 6. Im Gefolge war Graf von Wedel, Fr.v. Dohne, Generalarzt v. Ibberg, Oberstleutnant von Hahnke, Adjutant von Paleske.”

Men hotellet gjekk godt

Ein skulle tru at Kvikne's med stort nybygg no måtte setje kroken for døra for godt. Men slik gjekk det ikkje: Verdskrigen skapte jobbetid og velstand i nøytrale land, og både nordmenn og andre nyrike fann vegen til Sogn og fylte luksushotellet i Balestrand, særleg i dei første krigsåra. Seinare førde rasjonering og reiserestriksjonar til magrare tider.

Les meir om Kvikne's:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 04.07.2012