Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Balestrand

Frå ein av sommarfestane om bord i keisarskipet Hohenzollern på Esefjorden, i bakgrunnen ser vi to krigsskip som var med på ferda til Balestrand. Foto: Th. Jürgensen. © Fylkesarkivet.

Frå ein av sommarfestane om bord i keisarskipet Hohenzollern på Esefjorden, i bakgrunnen ser vi to krigsskip som var med på ferda til Balestrand. Foto: Th. Jürgensen. © Fylkesarkivet.

Keisaren av Tyskland ferierte i Balestrand då skota i Sarajevo starta den første verdskrigen i 1914, og keisaren og krigsflåten hans fekk det travelt med å kome seg heim. Det romslege Kvikne´s Hotel gjorde at Balestrand kom til å spele ei sentral rolle i forsvaret av Vest-Noreg i dei første og kaotiske krigsvekene i 1940, og på slutten av krigen tok sjølvaste Reichskommissar Terboven med seg leikeender i badekaret då han festa på det kjende hotellet.

Offisersgardar i Balestrand

Ein av gardane på Tjugum vart disponert som «kapteinsgard» for kompanisjefen på slutten av 1600-talet. Seinare var det offisersgard på Flesje.

Ein krakilsk kaptein

Embetsmenn og offiserar som budde kringom på bygdene, kunne ofte vere vrange å ha med å gjere.

1.VERDSKRIG:

Skipet til Keisar Wilhelm II, Hohenzolleren,  på Esefjorden (skipet bak marinefartøyet i framgrunnen).

Skipet til Keisar Wilhelm II, Hohenzolleren, på Esefjorden (skipet bak marinefartøyet i framgrunnen).

Ved utbrotet av første verdskrig låg Keisar Wilhelm II av Tyskland med keisarskipet Hohenzollern og ein stor krigsflåte i Esefjorden. Trass i den spente verdssituasjonen, hadde keisaren lagt ut på si årlege Noregs-reise. Den 26. juli 1914 letta keisarskipet og dei andre tyske skipa brått anker og stima ut fjorden. To dagar seinare braut den 1. verdskrig ut. Den tyske prinsen og tronarvingen var då på ferie i Olden (sjå Krigshistoria i Gloppen). Han vart i all hast køyrd til Vadheim, der han vart teken ombord i dei tyske krigsskipa før dei vende baugen heim mot Tyskland. - Sjå elles «Spionar med attentatplanar mot keisaren».

2. VERDSKRIG:

Ved krigsutbrotet 9. april 1940 hadde det norske skipet «Ibis» og det svenske skipet «Liljewalk» søkt ly inst i Esefjorden. Her vart dei oppdaga av tyske fly og bomba. Ingen av skipa vart skadde. Det svenske skipet låg i Esefjorden til juni før det drog.

Defilering under eit stemne for Nasjonal Samling i Balestrand <br> i 1942. © NRK/Norsk Film.

Defilering under eit stemne for Nasjonal Samling i Balestrand
i 1942. © NRK/Norsk Film.

Kvikne's Hotel som krigshovudkvarter

Ved krigsutbrotet i 1940 vart Sognefjord Sjøforsvarsavsnitt under kommando av kommandørkaptein Evensen oppretta den 12. april med hovudkvarter på Kvikne's Hotel. Nokre veker seinare søkte norske soldatar på flukt tilhald i hotellet, der Marta Kvikne tok godt imot dei.

Bombinga i Esefjorden

Om dei tyske flyåtaka 20. og 26. april.

Soldatherberge på Kvikne's hotell

Dei norske styrkane heldt seg i Balestrand i omlag tre veker. Bygda såg lite til okkupasjonmakta det første krigsåret. I 1941 tilbaud tyskarane seg til å kjøpe Kvikne's Hotell, men Marta Kvikne nekta å gje hotellet frå seg.

Adolf Hitler på Sognefjorden i 1934. <br>Balestrand i bakgrunnen. © John Asmussen.

Adolf Hitler på Sognefjorden i 1934.
Balestrand i bakgrunnen. © John Asmussen.

Adolf Hitler vitja Sogn

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet «Deutschland».

Terboven-festen på Kvikne's

I september 1944 kom sjølvaste Reichskommissar Josef Terboven og politisjefen Rediess til Balestrand saman med ei stor gruppe Gestapo-sjefar for å halde fest på hotellet.

Flymeldepost på Nessane

På Nessane hadde tyskarane ein flymeldepost, som også skulle halde oppsyn med trafikken på Sognefjorden. Oberservasjonsposten var bemanna med 10-12 soldatar, og tyskarane bygde nokre få brakker i bygda. Desse vart seinare brukte til hytter.

Folk frå Balestrand i tysk fangenskap

Den 8. mai 1945 samla folk seg på Balahaugen for å feire frigjeringa. Det er sokneprest Reed som held tale. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Den 8. mai 1945 samla folk seg på Balahaugen for å feire frigjeringa. Det er sokneprest Reed som held tale. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2013