Hopp til innhold
X
Innhald

Kvammens hotell (Bøyum pensjonat)

Kvammen Hotel slik det såg ut før det fekk eit tilbygg. © Fylkesarkivet.

Kvammen Hotel slik det såg ut før det fekk eit tilbygg. © Fylkesarkivet.

Kvammens hotell vart bygd som pensjonat i Balestrand i 1912 av Johan og Karen Kvammen - han frå Lavikdalen, ho frå Lærdal. I 1921 vart bygningen utvida til 75 senger og vart heitande Kvammens Hotell.

Hotellet gjekk konkurs i 1931, og seld til Oddmund Bøyum frå Fjærland, som var styrar ved Balestrand to-årige framhalds- og millomskule 1925-1947. Etter mange år som skulebygning og internat, starta Eli Bøyum pensjonat att i bygningen i 1965.

Pensjonatet vart drive fram til kring 1990. Etter at Førde-advokaten Anders Folkman ei tid hadde eigd det gamle hotellet, kjøpte Åse Bell bygget i 2006 for å nytte det til bustader og kultuføremål.

Bøyum pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bøyum pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011