Hopp til innhold
X
Innhald

Kvikne-slekta kom frå Lærdal

Kvikne´s Hotel i 1877.

Kvikne´s Hotel i 1877.

I 1877 kjøpte Ole Kvikne handelen og det vesle gjestgiveriet i Holmen av Johannes Danielsen.

Grunnleggjaren Ole Kvikne frå Lærdal kom i 1868 til Balestrand som butikkbetjent hos kremmaren og gjestgjevaren Johannes Danielsen (sjå " Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen").

I 1877 kjøpte Ole Kvikne handelen og det vesle gjestgiveriet i Holmen av Johannes Danielsen.

Vertshuset var den gongen ikkje større enn at det berre kunne huse tre overnattande. I tillegg til å drive butikk og gjestgiveri, vart han også lokal dampskipsekspeditør.

I 1880 kom broren Knut Kvikne heim frå Amerika og slo seg saman med Ole om forretningsdrifta i Balestrand. Knut hadde lagt seg opp ein del pengar, og ynskte no å investere dei hos broren i Balestrand. Elles arbeidde Knut mykje som guide og fjellførar for dei første turistane.

O. Kvikne landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

O. Kvikne landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Meir om Kvikne's:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011