Hopp til innhold
X
Innhald

Kvikne's hotel

Kvikne´s Hotel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kvikne´s Hotel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Den eldste delen av Kvikne´s Hotel med den praktfulle fasaden mot Sognefjorden vert rekna som «kronjuvelen» i norsk sveitserstil. Bygningen skal vere ein av dei største trebygningane i Skandinavia, og mykje av interiøret er halde i den opphavelege stilen. I «Høyvik-salen» er veggdekorasjonar og møblar laga av den kjende treskjeraren Ivar Høyvik tekne vare på (sjå nedanfor).

Kvikne-slekta kom frå Lærdal

Grunnleggjaren Ole Kvikne frå Lærdal kom i 1868 til Balestrand som butikkbetjent.

Frå gjestgiveri til turisthotell

I 1890 stod eit nytt hotell ferdigbygt, med balkongar i fronten og eit tårn midt på mønet.

Engelsk-kyrkja og nytt hotell

Knut Kvikne gifte seg med ei engelsk kvinne og fekk bygt St. Olaf´s Church. Han bygde og nytt hotell.

Hotellhage og sosietetsliv

Kvikne's Hotel vart eit naturleg senter for det luksuriøse turist- og sosietetslivet som utfalda seg i Balestrand frå 1890 og fram til første verdskrig.

Ny utviding på Kvikne's

I 1912 vart det bygt endå ein hotellbygning, og hotellfasaden mot fjorden fekk etter denne utvidinga den utsjånad som vi kjenner i dag.

Krig - men inga krise

Den tyske keisaren Wilhelm II var i Balestrand då første verdskrigen braut ut.

Generasjonsskifte på hotellet

På få år var det fire eigarar frå Kvikne-familien.

Hotellet var norsk krigshovudkvarter

Marta Kvikne avslo å samarbeide med tyskarane.

Terboven-festen på Kvikne's

Hotellpersonalet fann plastleiker på rommet til Terboven.

Kjentfolk på Kvikne's Hotel

Hotellet i Balestrand har hatt besøk av ei lang rekkje norske og internasjonale statsmenn og andre kjendisar.

Høgt nybygg og rekonvalesentheim

I 1968 stod eit betongbygg i åtte etasjar klart, og i 1991 gjekk hotellet over til heilårsdrift.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011