Hopp til innhold
X
Innhald

Kvikne's Hotel

Kvikne´s Hotel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kvikne´s Hotel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Den eldste delen av Kvikne´s Hotel med den praktfulle fasaden mot Sognefjorden vert rekna som «kronjuvelen» i norsk sveitserstil. Bygningen skal vere ein av dei største trebygningane i Skandinavia, og mykje av interiøret er halde i den opphavelege stilen. I «Høyvik-salen» er veggdekorasjonar og møblar laga av den kjende treskjeraren Ivar Høyvik tekne vare på.

Kvikne-slekta kom frå Lærdal

Grunnleggjaren Ole Kvikne frå Lærdal kom i 1868 til Balestrand som butikkbetjent.

Frå gjestgiveri til turisthotell

I 1890 stod eit nytt hotell ferdigbygt, med balkongar i fronten og eit tårn midt på mønet.

Engelsk-kyrkja og nytt hotell

Knut Kvikne gifte seg med ei engelsk kvinne og fekk bygt St. Olaf´s Church. Han bygde og nytt hotell.

Hotellhage og sosietetsliv

Kvikne's Hotel vart eit naturleg senter for det luksuriøse turist- og sosietetslivet som utfalda seg i Balestrand frå 1890 og fram til første verdskrig.

Ny utviding på Kvikne's

I 1912 vart det bygt endå ein hotellbygning, og hotellfasaden mot fjorden fekk etter denne utvidinga den utsjånad som vi kjenner i dag.

Høyviksalen som er dekorert av trekjeraren Ivar Høyvik. Foto: Arild Nybø, NRK.

Høyviksalen som er dekorert av trekjeraren Ivar Høyvik. Foto: Arild Nybø, NRK.

Krig - men inga krise

Den tyske keisaren Wilhelm II var i Balestrand då første verdskrigen braut ut.

Generasjonsskifte på hotellet

På få år var det fire eigarar frå Kvikne-familien.

Hotellet var norsk krigshovudkvarter

Marta Kvikne avslo å samarbeide med tyskarane.

Terboven-festen på Kvikne's

Hotellpersonalet fann plastleiker på rommet til Terboven.

Kjentfolk på Kvikne's Hotel

Hotellet i Balestrand har hatt besøk av ei lang rekkje norske og internasjonale statsmenn og andre kjendisar.

Høgt nybygg og rekonvalesentheim

I 1968 stod eit betongbygg i åtte etasjar klart, og i 1991 gjekk hotellet over til heilårsdrift.

Hotellbygningen frå 1912 frå landsida. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hotellbygningen frå 1912 frå landsida. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011