Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Balestrand

Balestrand Musikklag i spissen for 17. mai-toget tidleg på 1960-talet. Foto: Sverre Eitungjerde. © Fylkesarkivet.

Balestrand Musikklag i spissen for 17. mai-toget tidleg på 1960-talet. Foto: Sverre Eitungjerde. © Fylkesarkivet.

Balestrand Ungdomslag

vart skipa i 1875. Laget bygde ungdomshus i 1920. Les artikkelen: Ungdomshuset i Balestrand.

Balestrand Bygdahus

sjå artikkelen Ungdomshuset i Balestrand.

Balestrand Bygdahus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Balestrand Bygdahus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nesse Skyttarlag

vart starta i 1886.

Vetlefjordens Samtalelag

vart skipa i 1891, og var ein forløpar til det lokale ungdomslaget.

Balestrand Skyttarlag

vart skipa før 1900. Laget har fostra to skyttarkongar: Lars L. Ese d.y. som vart skyttarkonge fire gonger (1947, 1951, 1954 og 1955) og sonen Lars Hallvard Ese som vart skyttarkonge i 1980.

Balestrand Songlag

vart skipa i 1902.

Balestrand Musikkforening

vart starta i 1922. Laget har seinare skifta namn til Balestrand Musikklag.

Balestrand Musikklag

– sjå Balestrand Musikkforening.

Odd Arild Løseth spring inn til andreplass i Esefjorden Rundt i 2011. Foto: Esefjorden Rundt.

Odd Arild Løseth spring inn til andreplass i Esefjorden Rundt i 2011. Foto: Esefjorden Rundt.

Balestrand Idrettslag

vart starta i 1929. Laget har sidan 1980 arrangert landevegesløpet Esefjorden Rundt. Men forløparen var eit skirenn som vart arrangert for første gong i 1931. I 2011 gjekk jentelaget til Balestrand IL heilt til topps i sjuarfotball i den store fotballturneringa Norway Cup i Oslo.

Balestrand-jentene kan heve pokalen etter å ha gått til topps i Norway Cup i 2011. Privat foto.

Balestrand-jentene kan heve pokalen etter å ha gått til topps i Norway Cup i 2011. Privat foto.

Friberg Kino

vart starta av Balestrand Ungdomslag i 1950. Opningsfilmen var ”Hamlet”.

Balejazz

vart starta i 1989.

Balestrand Bondelag

vart starta i 1996 ved at bondelaga i Balestrand og Sværefjord og Vetlefjord vart slegne saman.

Balestrand og Høyanger Turlag

vart skipa i 2008.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.08.2011