Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefisket i fjorden

Laksefisket med sitjenot (lakseverpe) hadde i gamle dagar stor økonomisk verdi for bønder langs fjorden. Den sterkaste konsentrasjonen av sitjenøter langs Sognefjorden fanst langs landet frå Målsnes til og med Eitorn. På denne strekninga er det registrert 20 sitjenøter.

I noverande Balestrand kommune var det sitjenøter (frå vest) i Eitreneset, Koldingsneset, Kvist, Nokkaneset, Danneneset, Målsnes, Hanevik, Stokkebøklubben, Flesje, Thue, Bruhjell, Skåsheimselva, Sande, Sjøthun, Reset, Sæterhytten, Merkesskreda, Veganeset, Riskroken og Klibberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011