Hopp til innhold
X
Innhald

Landbruk og skogsdrift i Balestrand

For sent - måleri av Hans Dahl som fortel om at høy vart frakta med båt. © Blomqvist Kunsthandel.

For sent - måleri av Hans Dahl som fortel om at høy vart frakta med båt. © Blomqvist Kunsthandel.

Slåtte- og vedateigar langs Fjærlandsfjorden

I gamal tid kvidde ein seg ikkje på avstandar for å sanke vinterfor til buskapen. Bygdebøkene fortel at fleire gardar så langt unna som i Kvamsøy hadde utslåtter i dei bratte liene langs Fjærlandsfjorden.

Veda-jekter til by'n

Folk dreiv elles lauvsanking, hogging av tønneband og vedhogst i stor stil på slike teigar i bratte fjordsider. Når veden skulle til Bergen, vart førings-jektene antan dregne med robåt eller med tau frå land frå teig til teig innover stranda for å samle opp veden frå dei ymse teigane. Ved mange teigar vart det rigga til spesielle «vedabryggjer» for lasting av ved.

I Vetlefjorden vert det fortalt at det årleg vart hogge 300 mål ved.

Sauer på heimebeite i Vetlefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sauer på heimebeite i Vetlefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Store gardar

Både i Sværefjorden og Vetlefjorden har det frå gamalt av vore det som i Vestlands-målestokk må kallast storgardar: På garden Eiken som ligg nede ved sjøen i Vetlefjorden, vart det i 1667 registrert 40 storfe og fire hestar. Den hadde også skogateig i Frønningen, og jekter for vedaføring.

Garden vart fleire gonger råka av stor skredulukker, m.a. i 1718, då mykje av dyrkingsjorda vart rasert (sjå Ulukker og naturskader i Balestrand). Også garden Ulvestad hadde stor buskap: I 1845 er bruket ført opp med 30 storfe, 40 sauer og tre hestar. Likevel flytta denne huslyden til USA i 1850, slik svært mange frå Sværen, Torsnes og Ulvestad gjorde på den tida.

På garden til Tor Sværen i Sværefjorden var det i 1865 45 storfe, av dette kring 30 mjølkekyr som gav 500 kilo smør i året, og det vart avla 3500 kilo korn. Bonden hadde tre tenestejenter og dreng, og hadde i alt 15 personar i kosten.

På dette biletet ser vi granskogen i liene over Balestrand, m.a. på Fjærestad litt til venstre for midten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet ser vi granskogen i liene over Balestrand, m.a. på Fjærestad litt til venstre for midten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidleg skogplanting

På 1800-talet var det meste av skogen i fylket snaua ned, og enkelte såg trongen for å plante ut ny skog. I Balestrand hadde futen Johan Widing Heiberg Landmark planteskule på Askelund i 1860-åra, og han fekk planta ut ein del tre i utmarka over Fjærestad. Han skal ha delt ut plantar til skuleborn og sagt om dei små trea: ”De er som et fingerpek til Vorherre”. Ei anekdote i Balestrand frå tida til Landmark fortel at når det var dugnad på futegarden så kunne folk velje om dei ville ha dram eller granplantar for jobben. Slik kunne ein i lang tid etter sjå i liane kven som valde dram og kven som valde granplantar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011