Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandel på Ulvestad

Landhandelen på Ulvestad heldt til i det kvite huset, litt seinare vart butikken flytta til eit nyare hus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Landhandelen på Ulvestad heldt til i det kvite huset, litt seinare vart butikken flytta til eit nyare hus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mons Skau starta landhandel på Ulvestad i Vetlefjorden frå 1880-talet. Han døydde i 1890, og forretninga brann ned.

Systersonen Jon Bøtun tok opp att handelen og bygde forretning på Ulvestad i 1905. Her hadde ein også dampskipsekespedisjon og post. Men huset brann ned, og han måtte byggje nytt. Dette huset vart nytta til butikk til 1926. Jon selde butikken i 1905 til svogeren Markus Ulvestad. I 1949 tok Hans Ulvestad over og dreiv til slutten av 1985. Då overtok Tove Knutsen. Ho dreiv fram til 1990, då vart butikken lagd ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.01.2014