Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Balestrand

Farnesbui er ein av landhandlane i Balestrand kommune som no er historie. Etter 106 års drift vart landhandelen lagd ned i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farnesbui er ein av landhandlane i Balestrand kommune som no er historie. Etter 106 års drift vart landhandelen lagd ned i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Handels- og gjestgjevarstader i Balestrand

Ola Olson Engelstad

frå Modum dreiv midt på 1800-talet handel i Holmen. Han vart på folkemunne kalla «Borgar-Ola».

Nils Olson

dreiv midt på 1800-talet handel i Balaviki. I 1863 selde han eigedomen til landhandlar Jørgen Mo frå Hafslo. Etter nye eigarskifte, kom eigedomen i 1889 til Nils Johannessson Rendedal, som grunnla Hotell Balestrand i 1892.

Mons Tjugum

fekk i 1862 løyve til å drive landhandel og gjestgiveri i Lundsviki. Tjugum hadde eige ishus for ising av laks og annan fisk som han selde vidare. Handelen tok slutt i 1913.

O. Kvikne landhandel

- sjå Kvikne-slekta kom frå Lærdal.

Ellend A. Vangsnes

tok over landhandelen og starta trelastforretning på Kvamsøy i 1886. Handelen vart avvikla i 1902 (sjå Handel og gjestgjevarar på Kvamsøy).

Landhandel på Ulvestad

På Ulvestad i Vetlefjorden var det landhandel frå 1880-talet til slutten av 1970-talet.

M. R. Farnes

landhandel - på Farnes vart starta av Mons Farnes i 1902.

Farnesbui

- sjå M. R. Farnes.

Ese med butikk og kafé i Holmen

Johannes Nilsen Ese og kona Durdei starta 1905 butikk, souvenirsal og kafe i Holmen. Durdei og døtrene dreiv også vevstove. Forretninga vart lagt ned i 1934. Butikken vart seinare nytta som skulelokale både av realskulen, framhaldsskulen og gymnaset i 1940-åra (sjå Skular i Balestrand). Eit tilbygg til huset vart seinare leigd ut til Balestrand Samvirkelag for systove og manufakturbutikk. Det vart rive i 1959.

I denne bygningen heldt landhandelen til Virkesdal, seinare Brødrene Offerdal, til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen heldt landhandelen til Virkesdal, seinare Brødrene Offerdal, til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kristian Virkesdal

frå Eivindvik starta landhandel og bakeri i Holmen ca. 1911. Han bygde også kai. Kristoffer Torsnes tok over i 1912 og bygde stort forretningshus. Han gjekk konkurs i 1927, og Arne I. Offerdal frå Feios tok over saman med broren Jens under firmanamnet Brødrene Offerdal L/L. Broren Ingvald Offerdal tok over då brørne døydde. Han hadde tidlegare drive forretning i Årdal etter tanta Andrine (sjå Landhandlar i Årdal - Kristian Offerdal). «Offerdalsbui» vart lagt ned i 1985.

Brødrene Offerdal

- sjå Kristian Virkesdal.

Nærast på dette biletet frå 1920-talet ser vi Thue-butikken. I huset bak dreiv Thorsnes landhandel. © Fylkesarkivet.

Nærast på dette biletet frå 1920-talet ser vi Thue-butikken. I huset bak dreiv Thorsnes landhandel. © Fylkesarkivet.

H. O. Thue Landhandel

vart starta i Balestrand i 1914 av Helge O. Thue. I mellomkrigstida tok han imot bær og frukt for vidaresal til fabrikkar. Firmaet dreiv også sportsbutikk og kiosk med souvenirsal. Sonen Sigurd og systera Sitona tok over i 1944 og dreiv til 1982.

Gjert Livden

Gjert Livden

starta landhandel i Kvamsøy i 1917. Han starta i gardstunet, men bygde seinare forretning nede ved damskipskaia si ved sjøen (sjå bilete), der Fylkesbaatane hadde rutestopp. Gjert dreiv også som frukthandlar. Sonen John tok over drifta av landhandelen som seinare vart lagt ned. Bygningen har seinare vore leigd ut til turistar, men brann ned i august 2002.

Landhandlar i Vetlefjorden

Anton Frøysland og Kristian Eiken starta kvar sin landhandel i Vetlefjorden i 1936 i samband med at Gaularfjellsvegen var under anlegg. Frøysland dreiv først i eit forsamlingshus og seinare ved kaia på Ulvestad. Kristian Eiken sin landhandel vart seinare teken over av Markus Feten som dreiv nokre år før han la den ned.

Den tidlegare landhandelen til Eithungjerde, der det no er souvenirbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare landhandelen til Eithungjerde, der det no er souvenirbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eithungjerde og Bale i Holmen

Andreas Eithungjerde starta i 1937 landhandel i Holmen, der han hadde eige forretningsbygg. Arne P. Bale dreiv bakeri like ved, og brøda vart selde i butikken. Eithungjerde starta som handelsmann i 1905, og leigde frå 1912 ein landhandel og dampskipsekspedisjonen i Marifjøra (sjå Luster kommune). I 1950 tok sonen Sverre Eithungjerde over og bygde det første fryseboksanlegget i bygda, der folk kunne leige fryseboksar i tida før kjøleskåp heime kom i alminneleg bruk. I det nye forretningsbygget frå 1962 heldt postkontoret til fram til det flytta til Handelshuset Holmatunet i 1989. Sverre bygde i 1967 utleigehytter ved Skåsheimselvi.

Landhandel i Lånefjorden

Sigurd Breisnes frå Lavik starta i 1946 landhandel i Lånefjorden. I 1956 flytta han til Bergen og selde butikken til Erling Nesse ved Kåre Nesse, som dreiv til slutten av 1970-talet. Huset vart rive då riksvegen kom.

Balestrand Samvirkelag

vart starta i 1946.

Trygve Tenningås

starta landhandel og mjølkeutsal i Holmen 1961 - sjå Balestrand Meieri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011