Hopp til innhold
X
Innhald

Landomfattande handelshus

I 1954 opna Erling Nesse AS filial i Bergen, og etter kvart starta firmaet jernvareforretningar over heile landet: Mandal, Førde, Ålesund, Tromsø, Bodø, Trondheim, Oslo og Sogndal.

Forretninga i Førde låg i noverande Elvegården, der Nesse etablerte seg i 1971. I tillegg hadde Nesse eit stort agentnett som selde maskiner til bøndene.

På Nessane bygde Kåre Nesse nytt, stort forretningsbygg i 1963. Derfrå dreiv han ei omfattande postordreforretning som selde all slags varer, frå kaffikjelar og kjøkkenutstyr til tekstilar. I 1983 hadde konsernet 70 tilsette. I tillegg kom Nesseplast med ca. 30-40 tilsette.

Les meir om: Handels og industrieventyret på Nessane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011