Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Ivarson Skåsheim

Lars Ivarson Skåsheim (ca. 1730-1801) frå Skåsheim. Bonde.

Han kjøpte ein del av den tidlegare futegarden Skåsheim (sjå Målsnes og Skåsheim som futegardar) og var ein svært driftig bonde for si tid. I ei tid då jordodling og grøfting var lite vørd, dyrka han opp garden og la nærmare to kilometer kisteveiter og grøfter i den myrsjuke jorda, og planta ein stor frukthage. Dette var ein av dei første frukthagar i midtre Sogn. Han fekk Det nyttige Selskabs medalje for innsatsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008