Hopp til innhold
X
Innhald

Lars L. Ese d.y.

Lars L. Ese d.y. på skive 1 på eitt av landsskyttarstemna han vann.

Lars L. Ese d.y. på skive 1 på eitt av landsskyttarstemna han vann.

Minnestøtta over Lars L. Ese. Foto: Arild Nybø, NRK.

Minnestøtta over Lars L. Ese. Foto: Arild Nybø, NRK.

Lars L. Ese d.y. (1922-1960) frå Balestrand. Bonde og skyttar.

Lars L. Ese d.y. (1922-1960) frå Balestrand. Bonde og skyttar.

Lars L. Ese vart skyttarkonge fire gonger, ein prestasjon som ingen sidan (fram til 2011) har makta å kopiere. Det skjedde på stemna i Os 1947, Bardufoss 1951, Vatne ved Sandnes 1954 og Kongsvinger 1955.

Han vann Stang-skytinga på Landsskyttarstemnet både i 1949 og 1959 og felthurtigskytinga i 1950 og 1954. Britannia Shield Competition vann Ese tre gonger, og han hadde elles ei rad topplasseringar i armégevær.

I heimbygda Balestrand er det reist ei minnestøtte med relieff over Ese.

Far til skyttarkongen Lars Hallvard Ese (sjå denne under «Kjende personar i Balestrand»).

Storstilt mottaking heime i Balestrand etter å ha blitt skyttarkonge.

Storstilt mottaking heime i Balestrand etter å ha blitt skyttarkonge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.09.2011