Hopp til innhold
X
Innhald

M. R. Farnes landhandel

M. R. Farnes landhandel på Farnes vart starta av Mons Farnes i 1902. Han var i tillegg dampskipsekspeditør, post- og telegrafstyrar.

Handelen dreiv han i ekspedisjonsbygget, men bygde ny forretning på kaia i 1919. Same året tok dottera Gjertrud og mannen Markus R. Rendedal over under firmanamnet M.R. Rendedal, og kjøpte eigedomen i 1926. Mons Farnes dreiv bilverkstad i eit lagerbygg på eigedomen. Harald Menes vart eigar i 1948, og starta bensinstasjon i 1961.

Gjertrud Farnes flytta til Dragsvik og bygde pensjonat (sjå Dragsvik Fjord Hotel AS). Son til Harald Menes, Inge Menes, dreiv til 1997, då butikken vart omgjort til «folkeaksjeselskap», og har sidan vorte drive under namnet Farnesbui AS.

Farnesbui vart lagt ned i 2008.

Farnesbui. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farnesbui. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.07.2011