Hopp til innhold
X
Innhald

Marta Kvikne

Marta Kvikne (1895-1978) frå Klepp på Jæren, busett i Balestrand. Hotelleigar. Dreiv Kvikne's Hotel saman med mannen Sigurd Kvikne sr. frå 1919 til 1935, og var leiar og eigar av hotellet frå ektemannen døydde i 1935 til 1961, då sonen Per Kvikne vart direktør.

Tildelt deltakarmedaljen for innsatsen som vertinne for norske styrkar i 1940. Ho avviste i 1941 eit forsøk frå den tyske okkupasjonsmakta på å ta over hotellet. (Sjå: «Hotellet var norsk krigshovudkvarter»).

Medlem av kommunestyret, og æresmedlem i Balestrand Røde Kors.

Tildelt Kongens fortenstemedalje i gull 1969.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011