Hopp til innhold
X
Innhald

Meieria i Balestrand

Farnes Meieri

vart starta i 1888 av bønder i Sværefjorden. Meieriet vart drive til 1931.

Vetlefjorden meieri

vart starta 1889 av Lars Mæland. Året etter vart meieriet omskipa som aksjelag for gardbrukarane i bygda. Seinare vart det bygd eige hus for meieriet på Ulvestad, og i 1908 flytta det tilbake til nybygg på Meland. Det var i drift til 1948, då Vik Meieri tok over (sjå også Balestrand Meieri).

Balestrand Meieri

starta i 1898, m.a. etter opptak frå Kviknes Hotell.

Kvamsøy Meieri

vart starta i 1904.

Bratland Meieri

vart bygd som andelsmeieri i 1909. Det var i drift til 1927. Ved to høve seinare vart det gjort mislukka forsøk på å drive kafe i bygget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2008