Hopp til innhold
X
Innhald

Minnesteinar etter laksefiskarar

Den fiskerike Vetlefjordelva vart tidleg ei populær elv for engelske sportfiskarar. To av dei har sett varige merke etter seg i bygda: Engelskmennene Middleton og Galphin budde på garden Midtun når dei fiska i elva.

Då bygdevegen frå Mel til kaia på Ulvestad skulle byggjast vidare opp dalen i 1889, kosta dei to utlendingane den vakre steinbrua ved Langehaug. På kvar side av brua vart det sett opp minnesteinar over Middleton og svigersonen Galphin. Då ny riksvegbru vart bygd i 1955, vart steinen over Middleton brukt som muringsstein i bru-karet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2008