Hopp til innhold
X
Innhald

Mord og halshogging i Vetlefjorden

Vetlefjorden, der garden Eiken ligg inst i fjordbotnen. Til venstre Torsnes, til høgre Ulvestad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vetlefjorden, der garden Eiken ligg inst i fjordbotnen. Til venstre Torsnes, til høgre Ulvestad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved Vetlefjorden ligg garden Eiken. Hit kom det nygifte ekteparet Ola Sivertson Eiken og kona Anna som brukarar i 1667. Dei var då begge 21 år gamle...

Dei hadde ei tenestejente, Sigrid Sivertsdotter frå Vik. Ho hadde lagt sin elsk på husbonden, og ville ha kona hans, Anna, av vegen. Ein kveld fekk ho lokka Anna med seg til elva under påskot av at dei skulle lystre aure.

Men ved elva hadde Sigrid fått med seg ein hjelpemann, Ola Gudbrandson Ulvestad. Han var gift med systera til Sigrid, og saman hadde dei to systrene pressa han til å vere med på udåden. Medan Anna låg på magen og såg etter fisk i hølen, skubba Sigrid og Ola Anna ut i hølen og trødde henne under til ho var livlaus. Etter mordet frakta dei liket på hest ned til fjorden og søkkte det på djupt vatn.

Nekta for mordet

På eit eller anna vis vart dei to mistenkte for mordet, men i rettssaka hevda tenestejenta Sigrid at ho var leigd av ektemannen Ola Sivertson til å ta livet av kona hans. Ho fekk beskjed om at dersom ho ikkje greidde det, skulle han sjølv ta livet av kona.

Seinare måtte Sigrid vedgå at ho laug om Ola Sivertson Eiken.

Hovuda på stake

Både Sigrid Sivertsdotter og Ola Ulvestad vart dømde til halshogging. Dette skal ha hendt på Veganeset. Hovuda vart sette på stake, og dei knuste kroppane deira vart lagde «på steile» (eit hjul) til spott og spe. (Sjå elles «Farsmordet i Fresvik»).

Enkjemannen dømd

Enkjemannen Ola Eiken gifta seg opp att, men vart kort tid etter dømd for utruskap med ei anna kvinne. Han rømde til skogs, men vart fanga og dømd til 4 års straffarbeid ved Årdal Koparverk. Kvinna som han hadde vore i lag med, vart dømd til 4 års straffarbeid i fiskeværa i Nord-Noreg, noko som på den tida var vanleg straff for kvinner som var dømde i sedskapssaker (sjå m.a. «Halshogging for utukt» i Hyllestad).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011