Hopp til innhold
X
Innhald

Naturskader og ulukker i Vetlefjorden

Vetlefjorden vart fylt opp med snøsørpe etter at Molskreda gjekk i april 1994. Eit naust på Torsnes vart øydelagt av bølgjer frå raset. Foto: NRK.

Vetlefjorden vart fylt opp med snøsørpe etter at Molskreda gjekk i april 1994. Eit naust på Torsnes vart øydelagt av bølgjer frå raset. Foto: NRK.

Fleire gardar i Vetlefjorden har gjennom tidene vorte hardt råka av snøskred og flaum. M.a. vart det gjort stor skade på gardane i bygda i 1659 og 1670.

Skaskrida i 1659

I 1659 fall eit breras ned og demde ei elv høgt til fjells. Etter ei veke losna demninga, og flaumen reiv med seg mykje av den beste jorda på dei flate gardane. På ein gard på Feten vart både husa og det meste av jorda feia på fjorden. Sidan har dalen der demninga låg, vorte kalla Skadalen. Feten vart hardt råka av ein sommarflaum i elva i 1670.

Skaskrida tok alt

Elles går det segner om at det i eldre tid på Feten låg ein plass der det no heiter «Skaskrida» (skade-skreda). Her drap fonna alle på garden med unntak av ei lita jente. Småjenta kom seg halvnaken fram til Ulvestad, der dei trudde det var ei hulder, og ville jage henne bort. Men gardkona på Ulvestad kjende att eit fletteband som jenta hadde i håret, og tok seg av henne. Seinare er det funne restar av kokeutstyr og never i jorda ved Skaskrida som kan tyde på at soga om denne skredulukka er sann.

Eiken-skredet tok seks menneske

I 1718 miste to kvinner og fire menn livet på garden Eiken i Vetlefjorden då gardshusa vart tekne av snøskred.

Flaum i Vetlefjordelva

Flaum i Vetlefjordelva

Etter sterk nedbør, fløymde Vetlefjordselva den 18. og 19. juni i 1820 på nytt ut over markene og øydela for store verdiar, og fjorden var full av rekved frå skog som vart sopa bort. Store jordvidder på Rendedal, Feten, Meland og Eiken vart lagde aude. Ei mengd husdyr strauk med. Også i 1847 gjorde det såkalla «Vetlaraset» stor skade i Rendedal.

Ulukkesvinteren 1868

I uvêrsåret 1868 tok eit nytt skred på nytt liv på Eiken, då ein tenestedreng som sov på fjøslemmen vart teken av snøras. Skredet slo over dalen og gjorde også skade på hus på Ulvestad.

På vegen mellom Dragsvik og Vetlefjorden er det mange stader stor snøskredfare. Her blir vegen rydda etter at Breiskreda har gått i 1962. © Fylkesarkivet.

På vegen mellom Dragsvik og Vetlefjorden er det mange stader stor snøskredfare. Her blir vegen rydda etter at Breiskreda har gått i 1962. © Fylkesarkivet.

Stort ras i 1877

Både raset i 1868 og eit ras i 1877 gjorde stor skade og tok all buskapen på Eiken. Etter dette vart tunet flytta.

Etter eit skred i 1983 var det bygd ein 100 meter lang vernevoll på garden mot skred frå Oreskregrovi.

Skredet i 1877 var 400 meter breidt. Det seier litt om naturkreftene i eit snøras når det vert fortalt at ein kjempestor stein som låg ved skredfoten i 1877 vart flytta over 200 meter over dalen og opp bakkane på Ulvestad på andre sida. Då den vart minert, køyrde bonden bort 84 sledelass med stein! I Vetlefjorden er det reist to minnesteinar om desse store ulukkene. I 1918 vart fleire hus på Langeteig øydelagde av Breiskreda, og ein hest drepen.

Etter eit skred i 1983 var det bygd ein 100 meter lang vernevoll på garden mot skred frå Oreskregrovi.

I april 1994

skapte Molskreda på austsida av Vetlefjorden ei stor flodbylgje som gjorde skade på naust og båtar langs fjorden. Skredet var 300 meter breidt og øydela mykje skog. Vegen til Menes var sperra i mange dagar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011