Hopp til innhold
X
Innhald

Nesseplast

Nesseplast. Foto: Arild Nybø, NRK.

Nesseplast. Foto: Arild Nybø, NRK.

I 1957 starta Kåre Nesse produksjon av garnflottørar i ungdomshuskjellaren på Nessane. Denne produksjonen vart organisert i eige firma, Nesseplast, som i 1959 fekk eige industribygg ved kaia i Nessane. Då starta firmaet også lisensproduksjon av røyrisolasjon som vart ein stor suksess.

Slik såg det ut etter brannen i 1972. © Nesseplast.

Slik såg det ut etter brannen i 1972. © Nesseplast.

Fabrikken vart øydelagd av brann i 1972. Ny, stor fabrikkbygning stod ferdig i 1975. Produkta vart etter kvart utvida til fiskekasser etter eigen patent, og talet på tilsette kom etter kort tid opp i over 30 personar. I 2003 kjøpte Nesseplast ein fabrikk på Bømlo for å kunne dekkje den aukande etterspørselen etter fiskekasser.

I 2006 har fabrikken i Nessane 25 tilsette og Bømlo-fabrikken åtte tilsette. Konsernet hadde i 2005 ei omsetning på 55 millionar kroner.

Les meir om: Handels og industrieventyret på Nessane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011