Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Målsnes

Nils Målsnes fødd 1925 i Balestrand, busett i Leikanger. Siviløkonom frå NHH 1950 og sjukehussjef.

Arbeidde 12 år ved fylkesskattekontoret i Nord-Trøndelag og fire år som økonomisjef ved Studentsamskipnaden i Bergen før han vart øvste leiar for sjukehustenestene i Sogn og Fjordane med stilling som sjukehusssjef 1967-1978.

Frå 1978 til 1992 assisterande helsesjef i fylket.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011