Hopp til innhold
X
Innhald

Njål Gunnar Støyva

Njål Gunnar Støyva fødd 1948 i Vik, busett i Nessane. Høgskulelektor i musikk og komponist. Utdanna ved Lærerhøyskolen i Bergen og i komposisjon ved Musikkhøyskolen i Oslo. Debuterte i 1976 i Århus i Danmark med ein symfoni.

Han har ein stor og svært allsidig produksjon bak seg, og har m.a. skrive fleire symfoniar for orkester og kor, solostykke, teater- og filmmusikk.

Verka hans har vorte framførde m.a. ved Festpela i Bergen og ved festspel og konsertar i Noreg og utlandet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011