Hopp til innhold
X
Innhald

Norvald Nesse

Norvald Nesse fødd 1936 på Nessane, oppvaksen i Vetlefjorden, busett i Trondheim. Professor i kjemiteknikk ved NTNU i Trondheim.

Arbeidde som forskar ved SINTEF 1961-1968, og har sidan vore tilsett ved Institutt for kjemiteknikk, der han har arbeidd mykje med prosjektering av industrianlegg og forska på membranteknikk.

Har vore gjesteforelesar ved utanlandske universitet, og har hatt fleire tilllitsverv ved NTNU, m.a. som dekanus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011