Hopp til innhold
X
Innhald

Ny utviding på Kvikne's

Dette biletet er frå 1913. Då har hotellet fått den utsjånaden det har i dag. © Kvikne´s Hotel.

Dette biletet er frå 1913. Då har hotellet fått den utsjånaden det har i dag. © Kvikne´s Hotel.

I 1912 vart dei eldste bygningane frå handels- og gjestgjevartida rivne for å gje plass til den største utvidinga av Kvikne's Hotell til då.

Nybygget vart reist i same sveitsarstil og skøytt saman med hotellet frå 1894, og hotellfasaden mot fjorden fekk etter denne utvidinga den utsjånad som vi kjenner i dag.

Eige ishus

Hotellet hadde opptil 30 tilsette i turistsesongen, og kunne ta imot 150 overnattingsgjestar og servere 200 personar samstundes i matsalen. Tøyvask og stell av gjestane sine klede vart sett bort til kvinner i bygda, eller vart vaska i eit bryggjarhus vest for hotellet.

Eige ishus

Hotellet hadde eige ishus for kjøling av matvarer. Isen vart skoren om vinteren i ein dam på Holmamyri, frå isbreen ved Ramnaberg, eller frakta frå Eidevatnet i Skjolden, der Sogn Iscompagni dreiv stor isproduksjon. Ole Kvikne hadde også kjøpt fire hus i nærleiken. Her vart det m.a. drive landhandel, bokhandel og bakeri til lenge etter 2. verdskrig.

Ulrik Sjøthun i bakeriet til Kvikne´s Hotel på 1950-talet. Eigar av foto: Signe Herdis Sjøthun/Fylkesarkivet.

Ulrik Sjøthun i bakeriet til Kvikne´s Hotel på 1950-talet. Eigar av foto: Signe Herdis Sjøthun/Fylkesarkivet.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011