Hopp til innhold
X
Innhald

Offisersgard på Flesje

Flesje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flesje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1774 kom Flesje på offisersslekta Meidell sine hender, då kaptein Jakob Gerhard Meidell jr. overtok. Han hadde overteke etter faren som sjef for Aurlandske Compagni før han flytta til Flesje.

Også sonen Christian Gahrup Meidell og sonesonen Tomas Henrik Meidell (1830-1894) var offiserar: Christian som sjef for Ytre Sogn Compagni, og Tomas m.a. som kaptein og sjef for underoffiserskulen i Bergen. Begge fekk oberstløytnants grad.

Overklasseliv

Meidell-folket heldt seg med stor tenarstab og levde eit overklasseliv på Flesje, fjernt frå bygdefolket. I 1832 vitja Henrik Wergeland Flesje, og kunstmålar Hans F. Gude var der i 1846, der han m.a. fann motiv til dekorasjonane sine på Oscarshall slott på Bygdøy.

Hageselskap på Flesje. © Fylkesarkivet.

Hageselskap på Flesje. © Fylkesarkivet.

Sommarbustad

Flesje var i Meidell-slekta si eige fram til 1951, men frå 1880-talet let det til at dei berre nytta Flesje til sommarbustad, og garden vart stelt av tenestefolk. Nabogarden Tue var i lang tid eigd og drive av folket som budde på Flesje, og var bustad for sorenskrivaren i om lag 50 år.

Både Blix-folket og Meidell-slekta på Flesje gifta seg inn i andre kjende embets- og riksmannsslekter i Sogn, som Morgenstierne i Luster kommune, Lem på Frønningen, Atche i Lærdal (Kjende personar i Lærdal fødde år 1600-1800) og Hille i Fresvik (Vik kommune).

I dag er det sivilingeniør Rune Andersen frå Leikanger som eig Flesje. Han har gjort eit stort arbeid for å restaurere eigedomen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011