Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Kvikne

© Fylkesarkivet.

© Fylkesarkivet.

(Ole Anders Kvigne (1849-1913) frå Lærdal, busett i Balestrand. Hotelleigar og handelsmann. Han heitte opphaveleg Kvigne, men bytte namn til Kvikne på 1880-talet.

Han starta som butikkbetjent hjå kjøpmann Johannes Danielsen på Lærdalsøyri. Då denne i 1868 kjøpte den gamle handelsstaden og gjestgiveriet i Holmen i Balestrand, flytta Ole med dit.

I 1874 kjøpte han seg ein liten gard, og i 1877 kjøpte han både forretninga og gjestgiveriet i Holmen frå Danielsen. Broren Knut Kvikne kom tidleg på 1880-talet heim frå Amerika, og saman bygde dei opp Kvikne's Hotel. Ole Kvikne tok seg av hotelldrifta, der kona Kari Kvikne f. Gurvin arbeidde som hotellvertinne. Broren Knut var for det meste guide og fjellførar for turistane.

I Ole Kvikne si tid vart hotellet bygd ut i fleire etappar til den storleiken som vi kjenner på den gamle sveitserstilbygningen i dag. Han dreiv både hotellet, butikk og bakeri til han døydde brått i 1913. Kvikne var medlem av kommunestyret og styreleiar for Balestrand Sparebank.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011