Hopp til innhold
X
Innhald

Per Kvikne

Per Kvikne (1930-1991) frå Balestrand. Hotelleigar. Tok i 1961 over Kvikne's Hotel og dreiv det saman med kona Mulla Kvikne (fødd 1938 i Balestrand) fram til han døydde. Starta frå 1964 utviding av hotellet med den nye betongfløyen som etterkvart fekk åtte etasjar og 165 rom.

Dei to bygde opp ei stor kunstsamling av kjende kunstnarar som måla lokale motiv frå Balestrand. Per Kvikne spanderte i mange år fritt opphald på Kvikne's Hotel for krigsveteranar frå heile Europa.

Per Kvikne hadde m.a. tillitsverv i reiselivsnæringa, idrettslag, skyttarlag og musikk.

Han sat ein periode i kommunestyret på upolitisk liste, og var ei av drivkreftene for skiping av Norsk Reiselivsmuseum.

Son til Sigurd Kvikne sr. og far til Sigurd Kvikne jr.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011