Hopp til innhold
X
Innhald

Polarskuta frå Torsnes

”Thorsnes I” rigga for turen til Frantz Josefs land. Privat foto, utlånt av Oddrun Thorsnes.

”Thorsnes I” rigga for turen til Frantz Josefs land. Privat foto, utlånt av Oddrun Thorsnes.

På polferd

Ola E. Thorsnes starta i 1916 båtbyggeri på Torsnes ved Sværefjorden. Han leigde kyndige båtbyggjarar frå Hardanger den første tida. Første båten var «Thorsnes I», ferdig 1917. Den vart først seld til Bergen, men kjøpt tilbake og brukt nokre år til fraktfart av Thorsnes-karane.

På polferd

«Thorsnes I» vart seinare kjøpt av polfararen Hjalmar Riiser Larsen og brukt til ein ekspedisjon mot Franz Josefs land aust for Svalbard i 1929. Tanken var å annektere øya for Noreg før russarane nådde dit.

Men «Thorsnes I» vart stogga av pakkisen og måtte gje opp. Seinare nådde russarane øya med isbrytaren «Georgi Sedov» og annekterte den som russisk.

Norvegia- ekspedisjonen

Olav E. Thorsnes vart seinare med Hjalmar Riiser Larsen på tokt til Antarktis med ishavsskuta «Norvegia». Toktet starta i 1929 og varde i to år. På Antarktis-ekspedisjonen vart Dronning Mauds land annektert som norsk territorium.

Andre båtar

Andre båtar

Båtbyggeriet bygde ein lekter i 1917, og ein motorkuttar i 1918 som vart brukt som slepebåt for den store sognejekta «Havfruen av Sogn».

I 1933 vart «Thorsnes» på 70 fot bygd på den vesle beddingen. Etter nokre år i fraktfart, vart den sett inn som den første ferga mellom Vetlefjorden og Grinde då Gaularfjellsvegen vart opna i 1938. «Thorsnes» gjekk i rute for Fylkesbaatane fram til 1968, m.a. i rute Balestrand-Lærdal-Flåm.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.07.2011