Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Balestrand

Den rodde postruta på Sognefjorden gjekk fram til 1856 opp om Fute- og offisersgarden Flesje vest for for Balestrand. Herfrå vart posten delt om til bygdene i midtre Sogn.

Denne rodde postruta hadde elles stogg i Kapteinsgarden Måren og Frønningen.

Etter oppmoding frå kommunestyret, fekk Holmen postopneri i 1856. Ved alle dampskipskaiene vart det etter kvart opna postkontor, eller såkalla brevhus - sjå Ferdsla på fjorden i Balestrand.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.05.2008