Hopp til innhold
X
Innhald

Presten fekk heimebrentapparatet

I 1750 døydde løytnant Jens Hansson i Kvamsøy, og enkja fekk presten til å halde ei prydeleg likpreike. I buet til den avdøde løytnanten vart det m.a. registrert ein brennevinskjele - med andre ord eit heimebrentapparat.

Enkja døydde like etter, men då buet etter dei avdøde skulle gjerast opp, var heimebrentapparatet søkk borte. Etter ei tid fann ein heimebrentapparatet heime hjå presten. Han hadde fått det av enkja etter løytnanten som oppgjer for likpreika. - Også i prestegardane var det «naturalhushald» den gongen!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008