Hopp til innhold
X
Innhald

Quality Intervention

Bjarne Langeteig (t.v.) tek imot Reodorprisen frå næringsminister Trond Giske. Foto: Jonas Sætre, NRK.

Bjarne Langeteig (t.v.) tek imot Reodorprisen frå næringsminister Trond Giske. Foto: Jonas Sætre, NRK.

I 2008 starta Jostein Alværn og Bjarne Langeteig selskapa Well Integrity Solutions og Improved Solutions i Balestrand. I 2011 vart desse to selskapa slegne saman og fekk namnet Quality Intervention.

Verksemda har utvikla ein revolusjonerande måte å tette oljebrønnar på, og for dette fekk Quality Intervention Reodorprisen for 2011. Same året fekk firmaet ein stor kontrakt med eit internasjonalt firma, og det blir rekna med at dette kan føre til ein del arbeidsplassar i Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2011