Hopp til innhold
X
Innhald

Radiofabrikanten og bilkonstruktøren Lee

Ein av radioane Toralf Lee produserte - Sygna S1. Foto: Ernst Rykkje.

Ein av radioane Toralf Lee produserte - Sygna S1. Foto: Ernst Rykkje.

Toralf Lee (1909-1973) starta på 1930-talet som radioreparatør i Balestrand under firmanamnet Balestrand Elektroindustri L/L.

Han var sjølvlærd og hendig, bygde radioapparat som han kalla «Sygna Radio», og bygde til og med ein liten elektrisk driven lastebil før krigen. I verksemda produserte han også elektriske motorar.

Han vart radio-og TV- forhandlar, og sette opp eit par omformarar tidleg på 1960-talet slik at kundane skulle få inn dei første fjernsynssignala. Også i Vik på sørsida sette han opp omformarar.

Om lokale radioprodusentar og produsentar av elektriske artiklar sjå:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.10.2013