Hopp til innhold
X
Innhald

Reiselivsverksemder i Balestrand

Kvikne´s Hotel har sidan starten i 1877 utvikla seg til ei stor reiselivsbedrift. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kvikne´s Hotel har sidan starten i 1877 utvikla seg til ei stor reiselivsbedrift. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Handels- og gjestgjevarstader i Balestrand

Mons Tjugum

fekk i 1862 løyve til å drive landhandel og gjestgiveri i Lundsviki.

Kvikne's Hotel

vart grunnlagt i 1877.

På dette biletet frå ca. 1900 ser vi engelskkyrkja og Hotel Balestrand til venstre for telegrafstolpen, til høgre Kvikne´s Hotel. Dette var promenaderuta til dei mange turistane som kom til Balestrand rundt 1900. Foto: K. Knudsen. © Billedamlingen, UiB.

Hotel Balestrand

vart bygt i 1892.

King Bailey's Cabin

King Bailey's Cabin

var eit særmerkt lite hus som vart bygd ved gravhaugen Balahaugen ca. 1904 av Hermund Steffenson Thue, som etter nokre år i «Junaiten» kalla seg Herman Stevens. Huset vart nytta som souvenirbutikk til 1935, og flytta til Vellene som bustad.

Friluftskaféen i treet

- eit av dei mest originale påfunn i norsk reiseliv.

Futegarden Askelund - hotell

Tyskaren Frantz Reinboth kjøpte i 1912 den gamle futegarden Askelund og dreiv den som hotell fram til 1916. Han kjøpte også Villa Norlandheim i 1920 og dreiv der «Kong Beles Kafe» (sjå denne lenger nede).

Kvammen Hotel

vart bygt i 1912.

Bøyum Pensjonat

- sjå Kvammen Hotel.

Café Jotunheimen

vart starta i Villa Jotunheimen på Bruhjell i 1913 av Hans Johannessen. Kaféen vart øydelagt av snøskred i 1928 (sjå Ulukker og naturskader i Balestrand).

På dette biletet ser vi   Balestrand Hotel, tidlegare Balestrand Pensjonat, litt til venstre for midten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet ser vi Balestrand Hotel, tidlegare Balestrand Pensjonat, litt til venstre for midten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Balestrand Pensjonat

vart opphaveleg bygd som eit anneks til Hotell Balestrand i 1913, men vart seinare skilt ut og drive som pensjonat. Etter fleire eigarskifte er det ekteparet Unni Marie Kvikne og Eric Palmer som driv pensjonatet. Dei har utvida bygningen slik at pensjonatet i 2002 har 30 senger.

Balestrand Hotel

- sjå Balestrand Pensjonat.

Kong Beles Kafé

vart starta i 1920 av tyskaren Frantz Reinboth, som dreiv kafeen i Villa Norlandheim. Han dreiv også hotell i den gamle Futegarden Askelund.

Kaffistova kafé

vart starta i 1920 i Balestrand av Anna og Johanna Gjerde. Dei dreiv i fire år i det gamle meieriet før dei flytta over i tidlegare Hotel Balestrand, og dreiv der til 1942.

Ingebrigt og Anna Hjelseng

dreiv nokre år på 1920-talet kafé i Holmen. Ingebrigt var også skomakar.

Esebotten Seterhytte

vart bygd i 1926 av Ingeborg Ese.

Midtnes Pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Midtnes Pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Midtnes Pensjonat

vart starta av Ola Midtnes i 1936. Pensjonatet hadde 12 senger og vart drive berre i sommarhalvåret. Lars og Margit Gjeraker tok over i 1965, utvida med ni senger og gjekk over til heilsårsdrift. Ei ny utviding i 1978 gav pensjonatet tilsaman 38 rom og 70 senger.

Kringsjå Hotell og Vandrarheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kringsjå Hotell og Vandrarheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kringsjå Hotell

vart starta i 1938 - sjå Villa Kringsjå.

Kringsjå Hotell og Leirskule

frå 1980 - sjå Villa Kringsjå og «Skular i Balestrand».

Kringsjå Hotell og Vandrarheim

- sjå Villa Kringsjå.

Svingen Kafé. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svingen Kafé. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svingen Kafé

vart starta i 1946 av Magnus Sande - sjå elles Villa Kringsjå.

Sognefjord Akvarium

i Holmen vart bygd i 1994 - sjå Villa Kringsjå og «Skular i Balestrand».

Sognefjord Akvarium. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sognefjord Akvarium. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strand Pensjonat

på Ulvestad i Vetlefjorden vart bygd i 1938 av Markus Torson Ulvestad i samband med opninga av Gaularfjellsvegen. Ulvestad var fram til Dragsvik ferjekai opna i 1956, det vestlege endepunktet for bilferja som gjekk til Grinde i Leikanger. Pensjonatet hadde 10 rom, og var i drift til 1982. (Sjå også Vetlefjorden Gjestgiveri lenger nede).

Strand Pensjonat heldt til i dette huset på Ulvestad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Strand Pensjonat heldt til i dette huset på Ulvestad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Turistkaféen i Balestrand

vart starta av Berta og Synneva Hellen i 1938. Kafeen var i drift til midten av 1960-talet.

Anna og Ivar Bø

dreiv frå 1941 til 1958 pensjonat og kafe i ein del av det tidlegare Hotell Balestrand. Pensjonatet hadde 11 senger.

Vetlefjorden Gjestgiveri heldt til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vetlefjorden Gjestgiveri heldt til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vetlefjorden Gjestgiveri

vart bygd av Olav og Gunnhild Ulvestad i 1938 i samband med at Gaularfjellsvegen opna. Gjestgiveriet låg ved ferjekaia på Ulvestad og kunne ta 10 overnattingsgjester. Gjestgiveriet vart lagt ned i 1963. (Sjå også Strand Pensjonat i Vetlefjorden lenger oppe).

Dragsvik Fjordhotell

starta som pensjonat i 1953 av Gjertrud Farnes saman med dottera Gudrun og sonen Sigurd.

Fjellstova Nystølen ca. 1960. Foto: Normann. © Fylkesarkivet.

Fjellstova Nystølen ca. 1960. Foto: Normann. © Fylkesarkivet.

Fjellstova Nystølen

på Gaularfjellet vart bygd av Thora og Sigvald Gjerland i 1953. Thora dreiv fjellstova dei to første åra. Deretter dreiv Petra Linde i 12 år og Gjertrud Nyheim i eitt år før Thora Gjerland på nytt tok over frå 1969, men dreiv berre kort tid før stova vart lagt ned.

Nystølen i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nystølen i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bø Pensjonat og kafé

vart starta i 1954 i tidlegare Hotell Balestrand av Anna og Ivar Bø. Dei dreiv til 1958.

Sentrum Kafé

vart starta i 1959 av Trygve og Anna Ulvestad.

I dette huset på Dragsvik dreiv Sunneva og Turid Tjugum kafé. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette huset på Dragsvik dreiv Sunneva og Turid Tjugum kafé. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anders Tjugum

starta kafé ved ferjekaia i Dragsvik i 1960. Anders var ferjebillettør, og søstrene Sunneva og Turid stod for det meste av drifta om sommaren. Dei to systrene dreiv elles pensjonat i Oslo.

Veganeset Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veganeset Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veganeset Camping

vart starta i 1960 av Lars Tjugum, seinare teken over av Harald Tjugum. Campingplassen har utleigehytter med plass til 150 gjester.

Sjøtun Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjøtun Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjøtun Camping

i Balestrand vart starta i 1962 av Olav J. Sjøtun. Dottera Johanne og svigersonen Erland Fagermoen har drive campingplassen sidan 1977. Sjøtun Camping har 11 hytter og 40 oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner.

Ungdomsherberge

Reidar Handegaard og kona Liv Martens bygde i 1964 ungdomsherberge på Kreklingen i Balestrand. Dei dreiv herberget fram til 1974. Fram til 1980 dreiv Egil Lidal og Turid Vangsnes herberget, då Norsk Luthersk Misjonssamband kjøpte det i samband med starten av Sygna vidaregåande skule.

Sverre Eithungjerde

bygde i 1967 utleigehytter ved Skåsheimselvi.

Bjørn Geithus

starta bensinstasjon (Esso) i Holmen i 1965, og bygde vaskehall i 1968. I 1976 bygde han også utleigehytter i Habn.

Norsk Reiselivsmuseum

vart skipa i 1988.

Grønlund Hytter i Sværefjorden er ei av dei nyare turistbedriftene i Balestrand. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Grønlund Hytter i Sværefjorden er ei av dei nyare turistbedriftene i Balestrand. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 17.01.2014