Hopp til innhold
X
Innhald

Romantikarane til Balestrand

Balestrand - Esefjorden 1902 måla av Hans Dahl. © Blomqvist Kunsthandel.

Balestrand - Esefjorden 1902 måla av Hans Dahl. © Blomqvist Kunsthandel.

Johannes Flintoe, I.C. Dahl, Thomas Fearnley og H.F. Gude kom ikkje berre til Luster, men også til Balestrand. Flintoe laga m.a. i 1819 ein akvarell av den eldgamle Bale-aska som stod ved gravhaugane i Balestrand.

Thomas Fearnley til Balestrand

Thomas Fearnley nytta også gravhaugane som motiv då han første gong vitja Balestrand i 1826 saman med kunstnarvenen I.C. Dahl. Dahl tok også med seg elevane sine Knud Baade og den tyske arkitekten og kunstmålaren Franz Wilhelm Schiertz til Sogn og Balestrand.

Ein annan tidleg kunstnar som måla svært mykje i Sogn, var Tycho Jæger (1819-1889) frå Bergen (sjå bilete av Jæger m.a. under «Historia i Askvoll»).

Sjå også om Hans Leganger Reusch under «Fute- og offisersgarden Flesje» når det gjeld dei første kunstnarane i Sogn.

Svenskane vert interesserte i Sogn

Saman med Flintoe kom den svenske offiseren, kartografen og kunstmålaren Wilhelm Maximillian Carpelan (1787-1830) til Sogn i 1819. Dei to reiste først til Ytre Kroken, og var seinare ved kyrkja på Tjugum, der Carpelan måla eit bilete. Han stilte ut fleire måleri med Sogne-motiv på Svenska Konstakademiens utstilling i 1826. Dette vekte interessa for Sogn hjå broderfolket.

A. Anckarswärd er mellom dei svenske kunstnarane som tok turen til Balestrand. Her er hans inntrykk av gravhaugen til Kong Bele.

A. Anckarswärd er mellom dei svenske kunstnarane som tok turen til Balestrand. Her er hans inntrykk av gravhaugen til Kong Bele.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011