Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruk i Balestrand

I grendene og dalane frå Nessane og austover mot Balestrand veks det mykje fin fureskog. Både i Hanevik ved Målsnes, Kvamsøy og Nessane låg det frå gamalt av større sagbruk med vassdrivne oppgangssager.

I 1635 er saga ved Tennefossen i Nessane omtala. Her heiter også garden Sagi eller Sagen. Denne saga var frå 1600-talet og fram til 1805 eigd av prestar frå dei velståande presteslektene Leganger, Daae og Tuchsen i Vik. Då vart saga kjøpt av brukaren Knut Tennefoss.

I Vetlefjorden var det to sager drivne med vasshjul: Ivar Rendedal dreiv sagbruk 1895 - 1940, og Trond Mel frå 1930 til 1953.

Stampe og mølle på Bruhjell

Truls Olson Bruhjell bygde stampe og Mølle på Bruhjell kring 1880. Eigaren i 1925, Rognald Hagen, bygde også sagbruk. Saga og og andre bygningar vart øydelagde av ras i 1928 (sjå Ulukker og naturskader i Balestrand).

Hermund Tenningen

starta sag og kassefabrikk i Balestrand i 1928.

Erling Kvamme

bygde i mellomkrigstida - kring 1930 - sagbruk i Sauakråna på Engum. På same garden dreiv brørne Klaus og Kåre Engum sagbruk frå 1949. Dei dreiv i lag til 1954, og Klaus heilt fram til 1984.

Kvamsøy Sagbruk

vart starta i 1948 av Klaus og Kåre Thue. Dei dreiv også kassefabrikk.

Sæle Sagbruk AS

i Kvamsøy vart starta av Reidar Sæle i 1969. Verksemda vart bygt ut frå ei gamal sag som hadde vore på garden i mange år. Firmaet leverer all slags trelast og pallar, og har i 2002 seks tilsette. Sagbruket vart totalskadd av brann i 2007, men reiste eit nytt produksjonsbygg på 2000 kvm i 2008.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011