Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Balestrand

Sidan 1938 har ferjer vore ein viktig del av samferdsla i Balestrand. Dette er ferjekaia i Dragsvik med Hella på andre sida av fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sidan 1938 har ferjer vore ein viktig del av samferdsla i Balestrand. Dette er ferjekaia i Dragsvik med Hella på andre sida av fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle driftevegar i Balestrand

Frå gamalt av var vegen over Gaularfjellet og gjennom Sværeskaret den viktigaste ruta for fedriftene frå Fjordane til Sogn. Her kan du og lese om bondehøvdingen Hugleik Tungøen frå Oldedalen som fraus ihel i Sværeskaret i 1706.

Køyrevegar i Balestrand

Opninga av Gaularfjellsvegen i 1938 er den viktigaste samferdslehistoriske hendinga i Balestrand.

Ein buss frå Firda Billag i ruta over Gaularfjellet til Stryn ventar på passasjerane på kaia i Balestrand. Biletet er truleg teke rundt 1950. © Firda Sjåførforening.

Ein buss frå Firda Billag i ruta over Gaularfjellet til Stryn ventar på passasjerane på kaia i Balestrand. Biletet er truleg teke rundt 1950. © Firda Sjåførforening.

Ferdsla på fjorden i Balestrand

Både Kvamsøy og Balholm var gode jektehamner. Det vart bygt kai i Holmen i 1850, og her vart det stoppestad då Fylkesbaatane starta med rutene sine i 1858.

DS Kommandøren med kaia i Holmen i bakgrunnen. Foto: Normann.

DS Kommandøren med kaia i Holmen i bakgrunnen. Foto: Normann.

Post i Balestrand

«Flesche» postopneri vart skipa i 1836 som det første i noverande Balestrand kommune.

Telefon i Balestrand

Den aukande turistferdsla med utanlandske gjestar som kravde samband til heimlandet, gjorde at Balestrand relativt tidleg fekk installert rikstelefon og «turisttelegraf».

Flyet mista motoren

- då motoren i flyet til Gidsken Jakobsen datt i Sognefjorden frå 900 meters høgde - og alle ombord overlevde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011