Hopp til innhold
X
Innhald

Schiertzhuset

Den tyske kunstmålaren og arkitekten Franz Wilhelm Schiertz var ein av dei første kunstnarane som slo seg ned i Balestrand. Det var kunstnarvenen og læremeisteren I.C. Dahl som fekk Schiertz interessert i Noreg.

Etter fleire reiser der han teikna og målte opp m.a. Borgund og Urnes stavkyrkjer - og medverka til at Vang stavkyrkje i Valdres vart rigga ned og flytta til Schlesien - busette han seg i 1851 i Bergen. Han vart gift med dotter til kunstmålar Hans Leganger Reusch frå Bergen, som hadde ætterøter frå futane i Balestrand (sjå Fute- og offisersgarden Flesje).

Schiertz deltok m.a. i Fridtjof Nansen sin polhavsekspedisjon 1876-1878. I Balestrand leigde Schiertz «på livstid» eit hus frå hotelleigar Ole Kvikne i 1885, men døydde to år etter og vart gravlagd ved Tjugum kyrkje. Kona Karen Sophie budde i huset i Balestrand i nær på 50 år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008