Hopp til innhold
X
Innhald

Segna om Fridtjof

Fridtjof hentar att ringen sin. Illustrasjon Bernt Kristiansen.

Fridtjof hentar att ringen sin. Illustrasjon Bernt Kristiansen.

Fridtjofs Saga tek utgangspunkt i eit islandsk sagaskrift frå 1300-talet, og fortel om Fridtjof den frøkne (den djerve) som ville gifte seg med Ingebjørg, dotter til småkongen Bele.

Kong Bele budde i Balderslund og var småkonge over Sygnafylket. Fridtjof skulle vere son til hersen Torstein Vikingson, som visstnok var busett på Vangsnes.

Fridtjof og Ingebjørg

Både Fridtjof og Ingebjørg var fostra opp hos storbonden Hilding lengre inne i Sogn. No ville Fridtjof gifte seg med Ingebjørg. Men brørne hennar, Helge og Halvdan, ville ha systera ekta til den mektige kong Ring på Ringerike. Han hadde kravd råderett over store delar av Sogn, og det var m.a. for å unngå krig mot kong Ring at Helge og Halvdan lova bort systera Ingebjørg til Ringeriks-kongen.

Lurt på vikingferd

Lurt på vikingferd

Dei to brørne greidde å lure Fridtjof avgarde på vikingferd til Orknøyane under påskot av at han skulle krevje inn skattar der borte. Då Fridtjof reiste, rekna Helge og Halvdan med at dei var kvitt han, og brende og rana garden hans på Vangsnes. Systera Ingebjørg vart så tvangsgifta med den mykje eldre kong Ring, og busette seg med han på Ringerike.

Fridtjof brenn ned Bale-garden

Då Fridtjof den frøkne kom tilbake og såg kva som hadde hendt med garden og Ingebjørg, hemna han seg med å brenne kongsgarden og gudehovet i Balestrand. Men før han tende på, berga han med seg trulovingsringen som han ein gong hadde gjeve Ingebjørg. No var det kona til den svikefulle Helge som hadde tuska til seg denne ringen. Etter hemnbrannen vart Fridtjof lyst fredlaus. Han reiste på ny vikingferd og samla seg store rikdomar i utlandet.

Tre år etter utferda, kom han til kong Ring på Ringerike, utkledd som ein gamal mann. Han ville sjå att gamlekjærasten Ingebjørg.

Fridtjof og Ingebjørg får kvarandre

Fridtjof vart godt motteken av kong Ring. Etter ein vinter på Ringerike, ville Fridtjof leggje ut på ny vikingferd. Han gav på ny trulovingsringen til Ingebjørg og baud henne å bere den all sin dag. Men den gamle kong Ring ville ikkje la Fridtjof reise, og lova han m.a. at han skulle få overta Ingebjørg som kone når han sjølv fall ifrå. Kong Ring døydde like etter, og Fridtjof vart jarl av Ringerike. Han gifta seg med Ingebjørg og styrde det vesle kongeriket til sønene til kong Ring vart vaksne nok til å ta over.

Fridtjof vert Sogna-konge

Fridtjof vert Sogna-konge

Men brørne til Ingebjørg, Helge og Halvdan, mislikte framleis Fridtjof, og gjekk til krig.

I slaget drap Fridtjof den frøkne sjølv svogeren, kong Helge, medan Halvdan bad tynt for seg og fekk leve. Fridtjof vart no konge over Sogn, og la seinare også Horda-fylket under seg.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011