Hopp til innhold
X
Innhald

Sigmund Thue

Sigmund Thue fødd 1943 i Balestrand, busett på Lillehammer. Advokat og OL-direktør.

Sigmund Thue fødd 1943 i Balestrand, busett på Lillehammer. Advokat og OL-direktør.

Cand. jur. 1968. Praktiserte som høgsterettsadvokat til 1987, då han vart dagleg leiar i søkjarselskapet til Lillehammer-OL fram til 1989. Direktør i OL-organisasjonen LOOC i 1990, først som næringslivskontakt til 1992 og 1992-1994 marknadsdirektør. Adm. direktør i LOOC i arrangementsåret 1994.

Han har sidan drive advokatforretning på Lillehammer.

Mellom ei rad styreverv har Thue m.a. vore styreleiar i Norsk Tipping sidan 1996.

Bror til Johs. B. Thue og Helge Johan Thue .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011