Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Kvikne jr.

Sigurd Kvikne i Høyviksalen på Kvikne`s hotell. Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK.

Sigurd Kvikne i Høyviksalen på Kvikne`s hotell. Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK.

Sigurd Kvikne jr., fødd 1960 i Balestrand. Hotelldirektør. Kom med i leiinga for familieverksemda Kvikne's hotell frå 1986.

Mellom ei rad tillitsverv innan reiselivsnæringa har Kvikne vore leiar i Sogn og Fjordane Reiselivsråd, styremedlem i Fjord-Norge, styreleiar i kjeden «Historiske Hoteller» og varamedlem til styret i Norges Reiselivsråd. Starta i 1989 saman med Jon Skjerdal jazzfestivalen Balejazz, som har vore årviss sidan.

Son til Per Kvikne og Mulla Kvikne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2014