Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Kvikne sr.

Sigurd Kvikne sr. © Fylkesarkivet.

Sigurd Kvikne sr. © Fylkesarkivet.

Sigurd Kvikne sr. (1895-1935) frå Balestrand. Hotelleigar og Høgre-politikar.

Son av grunnleggjaren av Kvikne´s Hotel, Ole Kvikne og Kari Kvikne, og far til Per Kvikne. Eigde og dreiv Kvikne's Hotel frå 1917 til sin død i 1935. Kona Marta Kvikne dreiv vidare til 1961, då sonen Per Kvikne overtok.

Som eit minne om mora Kari gav Sigurd Kvikne ein stor pengesum til bygging av Balestrand gamleheim.

Sigurd Kvikne var aktiv ved skipinga av Landslaget for reiselivet i 1930. Han var medlem av kommunestyret og var vald til ordførar i 1935 før han brått døydde same året.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011