Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Nesse

Sigurd Nesse. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Sigurd Nesse. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Sigurd Nesse (1852-1955) frå Nessane. Lærar, målreisingsmann og forfattar. Busett ei tid i Vik. Gjekk Balestrand lærarseminar og seinare Stord Lærarskule. Lærar i Haukedalen i Førde 1873-1877, der han skipa misjonslag.

Seinare arbeidde han som lærar i Norum, Sogndal, der han kom i kontakt med målrørsla. Frå 1882 tilsett som lærar i Vik, der han vart lærar på friskulen for ungdom (sjå Skular i Vik). Denne skulen stod sentralt i ein hard målstrid i Vik. Nesse vart hundsa og forfylgd av bokmålsfolket, som skulda han både for vranglære og anna når han brukte nynorsk i undervisninga. Striden enda med at Nesse søkte seg vekk frå kommunen i 1893, og vart lærar i Eidsvoll til 1923.

Dramatikar og forfattar

Han skreiv fleire skodespel, m.a. «Folk» som fekk premiere i 1901, «I Aspehagen» 1897, «Ein besettelse» 1910 og «Zions Mure» 1921. Nesse gav også ut bøkene «Sjusovaren» 1897, «Elsk og yrkje» 1903, «Våronn» 1904, og diktsamlingane «Hugsviv» 1925 og «Vårfrygd og hausthelsing» 1939.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011