Hopp til innhold
X
Innhald

Sjølyst

«Sjølyst» var ei stor hytte som vart bygd i 1916 av multikunstnaren Johan Peter Broust Fahlstrøm (1867-1938) frå Trondheim.

Han heldt seg i Balestrand til 1938. Fahlstrøm var eit fargerikt og sentralt medlem i den store kunstnarkolonien i Balestrand tidleg på 1900-talet. Han dreiv med både måling og skulptur, men hovudyrket var skodespelar. Han hadde arbeidd som skodespelar både ved Christiania Teater, Centralteatret og Nationaltheatret før han starta sitt eige «Fahlstrøm Theater» 1903 som han dreiv til 1919.

Han var sjølvlært i alle profesjonar, men oppnådde å få bileta sine stilte ut m.a. på verdsutstillinga i Paris 1900 og på Jubileumsutstillinga i Oslo 1914. I hagen ved Sjølyst monterte Fahlstrøm fleire av skulpturane sine.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008